Tru kan de gjera i kyrkja, SV
En venn og kamerat har skrevet denne teksten om SVs svik i regjering:
Tru kan de gjera i kyrkja, SV
Den norske regjeringa har avgjort å senda 150 nye spesialsoldatar til ISAF-styrkene i Afghanistan. Gjennom dette vedtaket trappar regjeringa opp den imperialistiske krigføringa i Afghanistan. Til og med NUPI-direktør Sverre Lodgaard gjekk ut på TV2-nyhenda og peikte på at den einaste hensikta med dette, var å støtta opp om USAs krigføring i Sentral-Asia.
SV sit i regjeringa. Frå eit parti som reknar seg som sosialistisk, hadde det vore venta at dei med nebb og klør kunne kjempa mot utstasjonering av norske troppar til imperialistisk krigføring. Men SV gav etter for storebror Arbeidarpartiet og gjekk med på at Noreg skulle auka innsatsen – alt for å tilfredsstilla USA. For når andre land trappar ned innsatsen då dei ser at heile operasjonen går den vegen høna sparker, så syner Noreg seg som den mest servile i heile Nato-systemet.
SVs forsvarspolitiske talsperson Bjørn Jacobsen forsvarer heile avgjera med at dei norske troppane ikkje skal til Sør-Afghanistan. ”Det viktigste er at de nye soldatene ikke blir en del av den militære angrepsstrategien i sør” sa han då TV2 stilte han spørsmålet om korleis SV kunne gå med på dette. Trur faktisk SVs forsvarspolitiske talsperson det er slik? Sjølvsagt kan overkommandoen i Nato sjølv ta avgjerder på kor ISAF-styrkene skal bli plassert. Ved å senda troppar frå det norske forsvaret til ISAF-styrkene, har norske styresmakter gjeve frå seg kommandoen over dei. Natos overkommando har høve til å senda desse soldatane akkurat kor dei vil dersom det skulle bli trong til det. Å tru noko anna, syner ei vanvittig kunnskapsløyse hjå Bjørn Jacobsen.
Å tru, Bjørn Jacobsen, det gjer ein i kyrkja!